| HEIM | GÅVER/SUVENIR/SMYKKE | SAGA SOGNEFJORD | MODVO

MODVO, LUSTER k.

590,- NOK INKL MVA

4,3 cm, bronse. Slipsnål basert på reimtunge frå ca. 400 e.Kr.(modellskisse).

Kjøp eit stykke soge på e-post: post@arkeoreplika.no, eller ved eit utsal.

Slipsnåla er ein 1:1 replika av eit endebeslag (reimtunge) til ein av mennene gravlagde på øydegarden Modvo i Luster kommune. Grava er tidfest til overgangen romartid-folkevandringstid, kring 400. f.Kr.

Modvo vart arkeologisk granska i 1960-62 og er framleis det einaste utgravde gardsanlegget frå eldre jernalder i Sogn og Fjordane og Hordaland. Garden vart teken i bruk 350 e.Kr. og lagt øyde kring 500 e.Kr.

Mellom funna frå gardsanlegget på Modvo fanst også delar av smeltediglar og ei kleberform til støyping. Analysar av diglane viser at det har vore støypt både bronse og tinn. Både beslaget og beltespenna i grava er av uvanlege former, og moglegvis støypte på plassen.

 

 

Arkeoreplika sin rekonstruksjon av mann frå romartid, med reimtunge frå Grimhellaren og kopi av det sensasjonelle funnet av ein romartids kjortel frå Lendbreen i Lom

 

Strap end from c. 400 A.D., based on an original finding from Modvo, in Luster kommune. The Saga Sognefjord series is made from bronze in the traditional lost wax technique in our foundry in Hyllestad .

Riemenzunge aus c. 400 n.Chr. nach einem Orginalfund aus Modvo, in der Luster Kommune. Der Serie Saga Sognefjord wird aus Bronze in der traditionelle Technik des verlorenen Wachses, in unsere Gießereiwerkstatt in Hyllestad hergestellt.

 

 

.

 

Kopien er støypt i massiv bronse, med tapt-voks teknikk (cire perdue). Dette er ein 6000 år gammal metode der ein voksmodell av den ferdige gjenstanden vert pakka inn i ei eldfast leireblanding. Når denne forma vert varma opp, smeltar voksmodellen og renn ut, og holrommet kan fyllast med flytande bronse. Bronse vart også støypt i klebersteinsformer.

SJÅ ARKEOREPLIKA STØYPER BRONSE PÅ YOU TUBE

Kva hende på Modvo - kvifor vart garden lagt øyde? Kjøp eit stykke av soga på post@arkeoreplika eller vitje

eit utsal (her) - og spekuler sjølv!